Kvåleskajakk
@mrjackson
Mr. Jackson
@mrjackson
Kvåleskajakk
@alexaseleno
Mr. Jackson
@mrjackson
Mr. Jackson
@mrjackson
Mr. Jackson
@mrjackson
Alexa Seleno
@alexaseleno
Kvåleskajakk
Kurs og guide turer

Velkommen til Astrupsrike!

Lurer du, din famile eller venner på å begynne å padle kajakk? Kvåleskajakk har kurs som passer dei aller fleste

Introkurs 4 timar

Er du nysgjerrig på padling og har lyst til å prøve? Då er dette kurset for deg! Her er ingen krav til førkunnskap og du får ei praktisk innføring til bruk av kajakken og utstyret, og lærer ved å gjere! Dette er ein kjekk aktivitet for deg, din familie eller venner for at du skal bli trygg i kajakken, oppleve meistring og bli motivert for vidare padling. Gjennomført kurs gjev våttkort frå Norsk Padleforbund. Dersom ein tykkjer at dette er gøy og ynskjer å lære meir, kan man ta eit 2 dagars grunnkurs.

Sesong: Mai-oktober.

Alder: Frå 10 år.

Antal: Minimum 3 og max 8. deltakarar.

Stad: Førde eller Skei. Kan endrast etter avtale 

Tid: Kvar tirsdag kl. 17-21 eller etter avtale

Grunnkurs 16 timar

Havkajakken er ein fantastisk reiskap for å komme seg ut i naturen og gjev ei anna naturoppleving enn ein tur til fots. Kvålekajakk sitt 2. dagars kurs vil utvikle både padleteknikken din og di forståing for havpadling. Etter gjennomført kurs kan du manøvrere kajakken dit du ynskjer og ha eit godt forhold til sikkerheit og sjømannskap. Kurset er heilt praktisk og vi øver på ulike redningsteknikkar, både kameratredning og eigenredning. Andre dag av kurset er turdag der vi pakkar godsaker i kajakken og lever det gode friluftsliv! Kurset arrangerast med 1 dag på Førdefjorden og 1 dag på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden; og kan arrangerast andre stadar på førespurnad.

Sesong: Mai-oktober.

Alder: Frå 13 år.

Antal: Min. 3 og max 8 deltakarar.

Stad: Dag 1 på Førdefjorden og dag 2 på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden

Tid: Kl. 10-18 laurdag-søndag 

Grunnkurs bedrift

Er det nokre i din bedrift som har lyst til å ha kajakkpadling som hobby? Då kan Kvåleskajakk og di bedrift sette i hop eit grunnkurs som passar for di bedrift.

Havkajakken er ein fantastisk reiskap for å komme seg ut i naturen og gjev ei anna naturoppleving enn ein tur til fots. Kvålekajakk sitt 16 timars kurs vil utvikle både padleteknikken din og di forståing for havpadling. Etter gjennomført kurs kan du manøvrere kajakken dit du ynskjer og ha eit godt forhold til sikkerheit og sjømannskap. Kurset er heilt praktisk og vi øver på ulike redningsteknikkar, både kameratredning og eigenredning. Andre dag av kurset er turdag der vi pakkar godsaker i kajakken og lever det gode friluftsliv! Kurset blir anten arrangerast med 1 dag på Førdefjorden og 1 dag på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden; og kan arrangerast andre stadar på førespurnad.

Sesong: Mai-oktober.

Alder: Frå 13 år.

Antal: Min. 3 og max 8 deltakarar.

Stad: Dag 1 på Førdefjorden og dag 2 på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden

Tid: Kl. 10-18 laurdag-søndag eller etter avtale

Spørsmål?

Lurer du på noko angående introkursa eller grunnkursa?

Galleri

Kontakt meg her

Min adresse

Granlia 8B, 6814 Førde

 

Kontakt

Tlf.nr: +4799235646

Email : ingvald.kvaale@enivest.net

Åpningstider

MAN-SØN 08:00 – 22:00

Følg meg her