Lyst til å prøve å padle kajakk?
Kvåleskajakk held kurs og har guide turer
Lurer du på å begynne å padle kajakk men har ikkje helt funne ut om dette er noko for deg? Kvåleskajakk kan hjelpe deg i gang med din padlekarriere. Du kan ta ein guide tur i ein trygg og stødig dobbel kajakk. Du kan ta eit introduksjonskurs på 4 timar der du sitter i ein enkel kajakk og får prøvd korleis det er å padle åleine i ein enkel kajakk. Eller du kan ta eit 16 timars grunnkurs for å lære på ein trygg måte korleis du kan bli ein god padlar.